Vg3 Musikk, dans og drama (3DRA) inviterte dei yngre dramaelevane i Vg1 og Vg2 på båttur til Håøyna fredag 6. september. På vegen haldt dei sirkus for gjestane sine.
Turen starta ved Den Nationale Scene, og gjekk til Håøyna i Nordhordland med den gamle veteranbåten M/S Midthordland. Avdelingsleiar for drama Siren Kathrin Gjerde var invitert med, og vi ba henne fortelje litt frå opplevinga.
- Frå me møtte på utanfor DNS, tok tredjeklassingane oss med inn i sirkusverda, fortel hun. - Dei let oss oppleve pantomime, akrobatar, klovnar, dyr og dyretemjarar, samt ein sirkusdirektør som no er jobbsøkjande. Eg lét meg rive med, eg, og ein augneblink kjende eg at eg antakeleg har vore klovn i eit tidlegare liv.



- Det var flotte skodespelarprestasjonar og kostymar å sjå, seier hun. - Men det som opptek meg mest som avdelingsleiar var korleis tredjeklasse haldt ei rein oppvisning i pedagogisk ekspertise. Det var ei framvising av korleis dramafaget kan brukast når barn og unge skal lære. Dette var tredjeklassingar som synleggjorde kordan kunst og kultur kan være strålande læringsveier.



Heile dagen, heile turen, var ei læringsøkt der dei eldste FYD-elevane tok i bruk det dei hadde lært, og viste at dei var i ferd med å nå måla for opplæringa. Dei tok i bruk eit bredt spekter av drama- og teaterfaglege uttrykksformer, og dei leda og formidla skapande arbeid, fortel ein nøgd avdelingsleiar.



Båtturen til dramaelevane er ein årleg hending på FYD.
