Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Fyllingsdalen videregående skole tilbyr:
- Vg1 Helse- og oppvekstfag
- Vg1 Helse- og oppvekstfag for minoritetsspråklege
- Vg2 Helsearbeidarfag
For deg som vil jobbe med menneske!
Drøymer du om å jobbe med menneske? Ønsker du å bruke dei beste sidene av deg sjølv? Vil du ha ein variert kvardag? Da kan helse- og oppvekstfag være ei utdanning for deg!
Helse- og oppvekstfag på vilbli.no
Ein praktisk undervisning
Vi har mykje praksis på to flotte praksisrom med moderne utstyr. Der øver vi på ulike prosedyrar, som kroppsvask, fotstell, hårvask og sengereiing.
Vi bruker den spesialbygde "levande" robot-dukken «Nursing Anne» til å øve på ulike sjukdommar og pleiesituasjonar. Vi bruker og VR-briller i undervisninga, mellom anna til å sjå inn i dei indre organa.
Vi har spennande praksisperiodar, der du skal ut i ulike institusjonar for å lære. I Vg1 har vi praksis både haust og vår. I Vg2 har vi 3 veker samanhengande praksis om høsten og nye 3 veker samanhengende praksis om våren.
Undervisninga vår legg opp til at du skal ta ansvar for eigen utvikling og læring, og kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre. Vi legg vekt på å utvikle både fagleg dyktighet og ein god sosial kompetanse, som er grunnleggjande om du vil arbeide med menneske.
Etter fullført utdanning vil du ha verdifull kunnskap og praktiske ferdigheiter som det er stor bruk for i samfunnet.