Hopp til hovedinnhold

Utstyr og utgifter

Skolebøker er gratis på Fyllingsdalen videregående skole. Du vil dog trenge ein del utstyr og hjelpemidlar på skolen. Ein del av det kan du skaffe gjennom skolen, men noko må du ordne sjølv.

For alle

Du må betale for kr 20,- for legitimasjonskort.

Du vil trenge treningstøy og reine joggesko/hallsko til kroppsøving. Inngangspengar for eksterne aktivitetar kan bli opp til kr 150,-. 

Du må sjølv ordne med skrivesaker og skrivebøker. Det kan vere greitt å ha gjort på førehand.

Du må sjølv ordne med kalkulator. Det kan du gjere på førehand, men vi kjem også med anbefalingar den første veka.

Elev-PC

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC/Mac. Du kan bruke din eigen maskin, eller kjøpe ny maskin i butikk. Elevar som er nye i Vg1 på Fyllingsdalen videregåande skole kan kan få kjøpe ein rimeleg PC/Mac gjennom Vestland fylkeskommune.

Se fylkeskommunens side for meir om Elev-PC. IT-konsulenten på skolen kan også svare på spørsmål. 

For Helse- og oppvekstfag

  • Kostpengar pr. år: ingenting (skolen kjøper inn og betaler for mat en skal benytte på kjøkkenet)
  • Uniform Vg2: kr 600,-.