Studiespesialisering

Elevar har kjemi

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Fyllingsdalen videregående skole tilbyr:

  • Vg1 er felles for alle som har valt studiespesialisering.
  • På Vg2 og Vg3 tilbyr vi programområda Realfag og Språk, samfunnsfag og økonomi.

Kvifor velje studiespesialisering?

Dersom du likar å jobbe med teoretiske fag og vil ta høgare utdanning kan du velje studiespesialisering. Studiespesialisering opnar moglegheitene for deg, og gir deg ein forsmak på faga du kan velje på høgare nivå. Samtidig får du brei kunnskap du vil ha glede av og bruk for heile livet.

Dersom du veit kva utdanning du vil ta seinare bør du undersøke om du må ha spesielle fag for å kvalifisere deg til studiet.

Søk skoleplass på Vigo

Studiepesialisering på vilbli.no 

Lærar foran PC

Nettstudiet

Vi tilbyr Nettstudie til elevar som er for sjuke til å kunne klare å følge vanleg studiespesialiserande opplæring.

All undervisning er på nettet, men vi har fellessamlingar der elevane blir invitert inn på skolen. Vi underviser i dei studieførebuande faga slik at elevane kan oppnå generell studiekompetanse.

Vg1 Studiespesialisering

På Vg1 studiespesialisering må du velje eitt framandspråk i tillegg til engelsk. Vi tilbyr:

  • Tysk 2
  • Fransk 2
  • Spansk 2
  • Spansk 1
  • Spansk 1+2

Det språket du vel på Vg1 må du også ha på Vg2.

Vg2 Studiespesialisering

På Vg2 vel du mellom programområda Realfag eller Språk og samfunnsfag. Du må velje fordjuping innan to fag på ditt eige programområde. Det tredje fordjupingsfaget kan du velje frå det andre programområdet.

Vi plar å tilby desse programfaga:

Realfag:

  • Biologi 1
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1
  • Matematikk 1

Språk, samfunnsfag og økonomi:

  • Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1
  • Engelsk 1
  • Medie- og informasjonskunnskap 1
  • Psykologi 1
  • Rettslære 1
  • Sosiologi og sosialantropologi

Du skal ha same framandspråk som du hadde i Vg1.

Vg3 Studiespesialisering

På Vg3 held du fram med dei to programfaga du fordjupa deg i på Vg2. I tillegg vel du eit tredje programfag.

Vi plar å tilby disse programfaga:

Realfag:

  • Biologi 2
  • Fysikk 1 eller 2
  • Kjemi 1 eller 2
  • Matematikk S2 eller R2

Språk, samfunnsfag og økonomi:

  • Breiddeidrett
  • Entreprenørskap og bedriftsutvikling 2
  • Medie- og informasjonskunnskap 2
  • Politikk og menneskerettigheter
  • Psykologi 2
  • Rettslære 1
  • Engelsk 2
  • Sosialkunnskap

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søkje opptak til høgare utdanning i Norge. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du også informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studia.

Har du ikkje bestemt deg? Då kan du få gode tips på utdanning.no.