Studiespesialisering med toppidrett er eit tilbod for deg som ønskjer å satse for fullt på idretten din og samstundes ta ei utdanning. Målet er å legge til rette for prestasjonar på internasjonalt nivå.
Kvifor ta toppidrett på akkurat Fyllingsdalen:
- høgt kvalifiserte trenarar
- fullskala fotball-, handball- og friidrettsbane berre 50 meter frå skolen - ein treng ikkje kaste vekk tid på transport
- topp moderne skolelokale med eige styrketreningsrom på skolen
- toppidrettsfaga er inkludert i det ordinære undervisningstimetalet på 30 timer i veka i Vg2 og Vg3 - ein treng ikkje å ha 35 timer per veke som ved andre toppidrettsskoler
- ein kan velgje fordjuping frå både realfag og språk, samfunnsfag og økonomi kombinert med toppidrett
- skolen legg godt til rett for å kombinere idretten med skolearbeid slik at elevane sikrar seg generell og/eller spesiell studiekompetanse uansett korleis det går sportsleg for dei
Fotball eller handball som programfag
Vi tilbyr studiespesialiserande over tre år med enten fotball eller handball som programfag.
Trening og undervisning
Du vil ha 2-3 treningsøkter per veke leia av høgt kvalifiserte trenarar. Tidlegare FyllingenBergen-spelar Tore Andre Lunde vil saman med lærar Espen Tveit Mjelde undervise på toppidrett handball. Tidlegare Brann-spelar Roy Wassberg fortsetar saman med Espen Tveit Mjelde med undervisninga på toppidrett fotball.
Treningane og undervisninga i toppfotball/topphandball svarer til fem skuletimar i veka. Vi brukar skolens idrettsanlegg i treninga.
Elles følger du vanleg undervisning i studiespesialisering.
Studiekompetanse
Ved endt skuleløp vil du som elev oppnå generell studiekompetanse med fordjuping i toppidrett. Det er også mogleg å velje realfag eller språk i tillegg slik at du får spesiell studiekompetanse.
Dersom du ikkje har hatt 2. framandspråk på ungdomsskulen kan du ikkje ta toppidrett VG3 og samstundes oppnå generell eller spesiell studiekompetanse. Vi tilrår at du kontaktar skulen for å høyra kva moglegheit du har til å oppnå studiekompetanse.
Søknad og opptak
For å koma inn på studiespesialisering med toppidrett må du gjera fylgjande to ting:
Søk på Fyllingsdalen Vgs som fyrsteval i Vigo innan 1. mars
For Toppidrett fotball: fyll ut dette skjemaet innan 1. mars
For Toppidrett handball: fyll ut dette skjemaet innan 1. mars
Etter at du har fått plass på studiespesialisering ved Fyllingsdalen Vgs vil du så få svar på om du kjem inn på programfaget toppidrett-fotball eller toppidrett-handball. Du vil få signaler om du får plass allereie i mars måned. I tillegg til karakterar frå ungdomsskulen vil det bli gjort ei sportsleg vurdering. Minimumskravet for å få plass på toppidrett er at eleven har eit høgt lokalt nivå i sin aldersklasse.