Hopp til hovedinnhold

Musikk, dans og drama

Bilde av elevar i førestilling

Driv du med musikk, dans eller drama på fritida? Er du samstundes interessert i teoretiske fag? Då kan du slå saman interesse med skule og oppnå generell studiekompetanse.

Fyllingsdalen videregående skole tilbyr:

  • Musikk, dans og drama på Vg1.
  • Fordjuping i drama på Vg2 og Vg3.

Vi er åleine om å tilby fordjuping i drama i Hordaland.

Kvifor velje Musikk, dans og drama?

Det kan vere så enkelt som at du likar å spele skodespel. Men fordjuping i drama er også eit spanande og utfordrande tilbod, kor du både skal bruke dine kreative, skapande evner, og må sette deg inn i teoretiske fag. Det blir lagt vekt på di personlege utvikling.

Du vil lære om praktisk teaterarbeid, om teateret i historia og i dagens samfunn, men også om drama som pedagogisk metode. Fordjuping i drama gir deg ein kompetanse innan teater og media, pedagogikk og administrativt kulturarbeid. Samtidig får du generell studiekompetanse.

Søk skoleplass på Vigo

Musikk, dans og drama på vilbli.no

Vg1 Musikk, dans og drama

Hovudvekta i Vg1 ligg på fag som gir deg generell studiekompetanse.

Samtidig får du ei generell innføring i Musikk, dans og drama i dei felles programfaga:

  • Musikk, dans og drama
  • Bevegelse
  • Teaterensemble

Vg2 Drama

Frå og med Vg2 tilbyr vi fordjuping i drama.

Felles programfag i Vg2 er:

  • Teater og bevegelse
  • Teater i perspektiv
  • Teaterproduksjon
  • Teaterproduksjon fordjuping

Frå Vg2 vil faga til generell studiekompetanse utgjere ein mindre del av skoledagen.

Vg3 Drama


Felles programfag i Vg3er:

  • Teater og bevegelse
  • Teater i perspektiv
  • Teaterproduksjon
  • Drama og samfunn

Valfrie programfag er:

  • Teaterproduksjon fordjuping

Vegen vidare

Skodespelarforbundet har ein oversikt over skodespelarutdanning på høgskulenivå. Mange folkehøgskular tilbyr også scene og drama.  

Med studiekompetanse kan du søkje opptak til høgare utdanning i Norge. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du også informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studiane.

Har du ikkje bestemt deg for kva du vil studere? Då kan du få gode tips på utdanning.no.