Informasjon til elevar ved dei vidaregåande skulane våren 2026 om retten til meiropplæring i fag.
Meiropplæring vil komma i tillegg til den ordinære timeplanen til eleven - på Fyllingsdalen vidaregåande skule blir dette mest sannsynleg på slutten av dagen i 9. og 10. time.
Kven gjeld retten for
Dei som har gjennomført, men ikkje bestått, opplæringa og har opplæringsrett etter oppll. § 5-1 har rett på meiropplæring som elev, jf. opplæringsforskrifta § 5-2.
For vaksne elevar teke inn til opplæring for vaksne (oppll. § 18-3) vil retten til meiropplæring gjelde i fag som er del av opplæringa dei får etter § 18-3.
Kva er retten?
Om du har stryk i fag (karakteren 1, eller IV til standpunkt), får 1 eller har fråvær på eksamen har du rett på meir opplæring fram mot ny standpunktkarakter. Dette gjeld berre dersom du har følg opplæringa fram til og med 1.mars. Du må ikkje ha slutta eller gått over fråværsgrensa pr. 1.mars.
Kva er tilbodet?
Skulen der du er elev skuleåret 2026-27 vil etter skulestart ta kontakt med dei aktuelle elevane og tilby meiropplæring - som du må takke ja eller nei til.
Er du ferdig ved skulen - til dømes har gått på Vg3, påbygg eller Vg2 yrkesfag - vil fylket tilby deg meiropplæring via nettskulen i fylket.
For mange elevar vil dei likevel vere nøydd til å ta ny eksamen, i staden for ny standpunkt, for at vitnemålet skal bli riktig. Dette skal skolen gi deg råd om.
Du kan lesa meir om meiropplæring på fylkeskommunen sine nettsider:
https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/meir-opplaring/