Hopp til hovedinnhold

Erasmus+

Erasmus Logo

Fyllingsdalen vgs er med i Erasmus+-samarbeidet. Erasmus+ er EUs program for utveksling innanfor utdanning. Her får elevar og lærarar besøke andre vidaregåande skolar i Europa og utveksla kunnskap og erfaring.

Erasmus+ gjer deg som elev en moglegheit til å reise til et anna europeiske land, møte elevar frå ein annan kulturbakgrunn og få innsikt i korleis dei jobbar med fagleg innhald i andre deler av Europa.

Du kan og få vere med å vere vertskap for elevar og lærarar frå skolane vi samarbeider med.

Erasmus+-samarbeidet er eit viktig satsingsområde for Fyllingsdalen vgs. Målet vårt er at flest mogleg på skolen skal bli involvert på ein eller annan måte. Vi ønsker også å lære av lærarar, elevar og skolar i andre land.

Derfor prøver vi kvart år å finne nye prosjekter som er aktuelle for oss, og sender inn søknader om å få delta.

Prosjekt 2022-27

I løpet av dei neste fem åra fram til 2027 vil vi vere med på desse prosjekta:

New in Europe

Elevar med minoritetsbakgrunn skal bli kjent med europeisk kulturarv.

Foreign Language Learning

Våre elevar skal få oppleve at det å kunne fleire språk er ein viktig ressurs i mange samanhengar. Skolen ønsker å styrke fokuset på framandspråk.

ICT for Learning

Våre elevar skal lære god bruk av digitale hjelpemidlar i læringsarbeidet.

Becoming a Democratic Citizen

Møte med elevar i andre europeiske land vil gje våre elevar moglegheit til å diskutere og lære om styresett i andre land på ein engasjerande måte.

Drama and Democracy

Våre elevar skal få bruke dramafaga til å utvikle demokratiske verdiar og prinsipp saman med andre elevar i Europa.

English, a World Language

Elevane våre skal få oppleve engelskspråkleg kultur og få moglegheit til å bruke engelsk i autentiske situasjonar.

Bildung through Social Learning

Vi ønsker å bidra til våre elevars danning, sosiale læring og utvikling gjennom arbeid med faga i ein internasjonal kontekst.

Social Inclusion

Korleis kan vi best møte, inkludere og verdsette elevar med kort butid i landet som en ressurs i klasserommet? Elevar og lærarar i fleire europeiske land skal gjennom samarbeid og erfaringsutveksling utvikle god undervisning for det mangfaldige klasserommet.

InClusion Team

Våre lærarar skal få moglegheit til å lære saman med lærarar i frå andre europeiske land korleis ein kan bruke ikt i spesialundervisning. Du kan lese meir om prosjektet på https://www.icteam.site/

Comput

Våre lærarar skal få moglegheit til å lære om programmering saman med lærarar frå andre europeiske land.

Practical Healtcare in Europe

Seks av våre elevar på Helse- og oppvekst skal få moglegheit til å hospitera i 21 dager i eit anna Europeisk land.

Meir om Erasmus+ på nettsiden deira.