Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

Bilde av elevar i klasserom

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Vegen til høgare utdanning

Påbygging er for deg som er motivert for eit år til på skolebenken. Du bør ha lyst til å ta fatt igjen på dei teoretiske faga, dersom du vel påbygg.

Kven kan søkje?

Du må ha fullført eitt av desse alternativa:

  • Vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram
  • Vg1 studieførebuande og Vg2 yrkesfagleg utdanningsprogram
  • Yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev

Søk skoleplass på Vigo

Påbygging på vilbli.no

Programfag

Du skal velje eitt programfag. Programfaga me tilbyr på skulen varierer frå år til år, men men 2026/2027 er det:

  • Biologi 2
  • Kjemi 1
  • Matematikk R2
  • Engelsk 1
  • Psykologi 1 & 2
  • Markedsføring og ledelse 2
  • Medie- og informasjonskunnskap 2
  • Rettslære 1
  • Sosialkunnskap
  • Breddeidrett

Det kan avhenga av timeplanen din kva programfag som blir tilgjengelege for deg.

Det skjer på FYD

Me har forkurs i Matematikk på sommaren for deg som skal byrja på Påbygg:

Forkurset 2026

Biologi 2 er eit av dei spennande programfaga du kunne velja på Påbygging i 2026/2027. Det er 4 Påbygg-elevar på faget i år.

Her kan du lesa om korleis dei undersøkte dyre- og plantelivet i Øygarden.

Kvar haust har me ein Aktivitetsdag med leik og moro for alle elevane vår, og dei på Påbygg er sjølvsagt med!

Her kan du lesa meir om korleis Aktivitetsdagen var i 2026.

Her kan du lesa meir om korleis Aktivitetsdagen var i 2025.

Foto av elevar i klasserom

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søkje opptak til høgare utdanning i Norge. Dette gjer du gjennom  samordna opptak. Her får du også informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studia.

Har du ikkje bestemt deg? Då kan du få gode tips på utdanning.no.