Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Bilde av biblioteket

Biblioteket er ein møtestad, ein arbeidsplass, ein stad å finne informasjon og ein stad å låne bøker. Fyllingsdalen videregående er ein av få skoler med eit topp moderne bibliotek med stadig påfyll av nye bøker som elevane kan benytte seg av.

Kvar finn du oss

  • Biblioteket ligg på rom 115, mellom kantina og Elevsenteret
  • Biblioteket er ope kvar dag klokka 08.10-15.30

Kva kan du gjere på biblioteket

På biblioteket er det leseplassar og bord til gruppearbeid.

Vi har fagbøker og oppslagsverk du kan bruke som kjelder, og du kan be bibliotekaren om hjelp. Skrivar/kopimaskin til utskrift har vi og. 

Det er lov å vere på biblioteket utan å gjere skolearbeid! Du kan sitte og prate, spele spel eller surfe på nettet.

Låne bøker

Du kan låne alt frå fagbøker til fantasy og manga. Sjå kva vi har i katalogenLogg deg inn for å sjekke kva du har lånt, og når du må levere

Lånekort får du i biblioteket. Hugs å levere inn bøker du har lånt, elles må du betale erstatning.

E-bøker

Lån e-bøker gratis i BookBites

E-bøker er digitale bøker du kan laste ned til datamaskinen, lesebrettet, nettbrettet eller mobilen din. Biblioteka i Vestland har ei felles samling med e-bøker, som biblioteka i vidaregående skole er med på.

Du kan enkelt låne e-bøker. Alt du treng er ein app som heter BookBites, lånekort og pinkode. Då får du tilgang til fleire tusen e-bøker. Det er gratis å låne bøker i BookBites-appen!

Låneavtale og lærebøker

Når du startar på skulen må du underteikne ein digital låneavtale. Er du under 18 år må også føresette underteikne. Når du har underteikna kontrakten får du låne lærebøker.

Låneavtale

Lærebøkene får du utlevert på biblioteket. Vanleg lånetid for lærebøker er ut skoleåret. Ekstra lærebok kan du låne for kortare tid.

Lærebøkene skal du levere ved skoleslutt etter den planen biblioteket sett opp. Dersom du ikkje gjer dette må du erstatte dei.

Bibliotekaren

Det er lov å be bibliotekaren om hjelp. Spør meg om:

  • Hjelp til oppgåver og gruppearbeid
  • Å finne gode kjelder i bøker og på nett
  • Sitat og kjeldelister
  • Tips til særemne
  • Lesetips
  • Bøker du vil vi skal kjøpe

Bernt Lage Breivoll

Bibliotekar
Bilde av Bernt Lage Breivoll

Kjeldebruk og kjeldekritikk

Når du skriv ei oppgåve er det viktig å finne gode kjelder. Men kan du stole på det du finn? Det er viktig å utøve kjeldekritikk for å finne eigna og kvalitetssikra informasjon.

Du kan ikkje berre klippe og lime frå andre sitt arbeid. Korleis kan du bruke andre sine tekstar utan å plagiere? Det kan du lære om på sida vår om kjeldebruk og kjeldekritikk.