Hopp til hovedinnhold

Kjeldebruk og kjeldekritikk

Det er mykje du bør vere merksam på når du har funne ei kjelde som du vil bruke i ei oppgåve.

Kjeldekritikk på Internett:

Utgjevar:

  • Kven er kjelda til informasjonen? Hugs at kven som helst kan legge ut informasjon på nettet, til kva som helst formål.
  • Kva autoritet har personen/organisasjonen/verksemda som har lagt ut informasjonen?
  • Finst det opplysningar om personen/organisasjonen?
  • Er personen/organisasjonen kjend innan feltet?
  • Er det nokon som refererer til denne personen/organisasjonen (kjelda)?
  • Kan du kontakte kjelda pr. telefon eller e-post? Står adressa på nettstaden?

Formål med sidene:

  • Kva er motivet for å legge ut informasjonen? Er dette reklame, propaganda eller fakta?
  • Er kjelda nøytral, eller finn du eit sterkt farga syn på saka?

Truverdig?

  • Er språkbruken truverdig? Finn du mykje skrivefeil?
  • Har nettstaden ein klar og tydeleg layout?
  • Har nettstaden ein god og korrekt lenkesamling til andre aktuelle nettstader?


Kjeldekritikk bøker

Forfattar og utgjevar

  • Er forfattaren kjend? Har forfattaren skrevet mykje om dette temaet? Er forfattaren truverdig?
  • Kva forlag er boka utgitt på? Kjende forlag står stort sett for kvalitet.
  • Er utgjevaren ein organisasjon eller eit spesielt samfunn? Religiøse sekter kan vere ukritiske. Politisk oppfatning er av betyding.

År for utgjeving

  • Når er boken gitt ut, er den ny eller gamal? Eit aktuelt tema krev informasjon som er av nyare dato.
  • Har boka kome i fleire utgåver? (Indikerer at boka er eit standardverk).

Formål med utgjevinga

  • Les forord
  • Studer innhaldsoversynet
  • Korleis er framstillinga? Er dette fakta, meiningar eller propaganda? Skriven for å overtyde, informere, underhalde, provosere?
  • Passar nivået? Skriven for ei bestemt målgruppe? Til dømes barn, ungdom, elevar eller forskarar.
  • Studer boken si litteraturliste