Her finn du ulike reglement som gjeld for Fyllingsdalen videregående skole.
5 punkter for å skape eit godt arbeids- og læringsmiljø
VI MØTER PRESIS - Vi møter presis til timane, til avtaler med lærarar, rådgjevarar, helsesøster osb. og leverer skolearbeid til avtalt tid
VI HELD ORDEN - Vi held orden og ryddar etter oss i klasserom, korridor, kantine eller på skolen sitt område. Ha orden i skolesakene dine og følg skolen sitt ordensreglement
VI ER FORBEREDT - Vi gjer skolearbeidet og leksene og held oss orientert om planar og aktivitetar
VI GIR KVARANDRE ARBEIDSRO - Vi følgjer læraren sine instruksar i skoletimane og lagar ikkje støy og bråk i timane og i skolebygget
VI VISER RESPEKT FOR KVARANDRE - Vi opptrer høfleg og med respekt overfor medelevar og tilsette
PC og AV-utstyr
Alle berbare PC skal vere lukka når skoletimen begynner. Prosjektor og lydutstyr skal berre bli brukt til undervisning og når lærar er tilstade i klasserommet.
Parkeringsforbod
Det er forbode å parkere på skoleplassen (med unntak av moped/motorsykkel/sykkel) - og på plassen bak Nye Teatersal samt langs vegen ned mot denne frå avkjørsla til skoleplassen. Dette er markert med kjetting eller sperreband. Forbodet gjeld både elever, besøkende, lærere og øvrige ansatte.
Bryt du parkeringsforbodet, må du rekne med at bilen vil bli taua bort for eigar si rekning. Å bryte forbodet er også brot på skolens ordensreglement og kan for elever medføre nedsatt karakter i adferd.
Elevar skal bruke sykkelskuret til parkering av syklar og mopedar/motorsyklar - eventuelt ved siden av skuret. IKKJE parker under taket.
Tobakksfri skole
Skolen er lovbestemt tobakksfri. Det vil sei at du ikkje kan bruke snus og røyk i skoletida, heller ikkje utanfor skolen sitt område. Forbodet mot røyk og snus gjeld i friminutt og på skoleturar, og sjølvsagt i skoletimar. Lova er lik for alle, også lærarar og andre tilsette. Forbodet gjeld også e-sigarett ("vaping").