Hopp til hovedinnhold

Helse og oppvekst - studieførebuande

Bilde av elevar i praksis

Ser du for deg ei framtid som barnehagelærar, sjukepleiar, sosionom, fysioterapeut eller liknande? Helse og oppvekst – studieførebuande er eit godt val for deg som ønskjer høgare utdanning innan helse- og oppvekstsektoren.

Helse og oppvekst – studieførebuande er eit 3-årig utdanningsløp her på Fyllingsdalen videregående skole. Det skil seg frå Studiespesialisering ved at elevane tar programfaga i Helse og oppvekst i staden for språkfag, geografi og religion. Du skal derfor ikkje ha fremmedspråk som spansk, tysk eller fransk.

Her får du dei praksisretta programfaga i helsefag samtidig som du kan få den fordjupinga innan realfaga du trenger for å studera medisin og andre helse- og psykologifag. Målet er å legge til rette for viktig helsefagleg forståing du trenger i høgare utdanning. Det gir ein unik studiekompetanse. Du kan også velja andre programfag enn realfag og sikra deg generell studiekompetanse for å kunna studera andre ting enn akkurat medisin og helse etter vidaregåande skule.

Elevar på dette utdanningsprogrammet skal ikkje ut i praksis og læretid. Dei som har bestått kan gå direkte videre på spesialiserte studiar innanfor medisin eller helsefag på høgskolar og universitet.   

Søk skoleplass på Vigo

VG 1 Helse og oppvekst - studieførebuande (HOST)

  • I Vg1 vil du ha 7 timar med Helse, 5 timar kvar med Kommunikasjon og 5 timar med Yrkesutøving
  • Du vil og ha Matematikk 1P/1T (5t), Naturfag (5t), Samfunnsfag (3t), Norsk (4t) og Kroppsøving (2t); men ikkje språkfag, geografi og religion.
  • Du skal ikkje ha fremmedspråk som spansk, tysk eller fransk.
  • Totalt antall timer per uke: 36

Vg2 Helse og oppvekst - studieførebuande (HOST)

  • I Vg2 vil du ha 5 timar med Kommunikasjon og 5 timar med Yrkesutøving
  • Du vil og ha Norsk (4t), Engelsk (5t) og Kroppsøving (2t); men ikkje språkfag, geografi, historie og religion.
  • Du skal ikkje ha fremmedspråk som spansk, tysk eller fransk.
  • I tillegg skal du ha matematikk - der du kan velge mellom enten 2P (3t) eller S1/R1 (5t) (S1/R1 er for de som ønsker realfag til for eksempel medisin-studier)
  • Du skal også i tillegg til det ovennevnte ha to valgfrie programfag - hver på 5 timer. Du må ikkje ha fordjuping innan to av programfaga slik som på ordinær studiespesialisering og du kan velja blant heile programfagutvalet til skulen; mellom anna engelsk, medie- og informasjonskunnskap, psykologi, rettslære, sosiologi og sosialantropologi, matematikk, fysikk, kjemi og biologi.
  • Totalt antall timer per uke: 34 (eller 36 om du velger matematikk R1/S1 i stedet for 2P).

Vg3 Helse og oppvekst - studieførebuande (HOST)

  • I Vg3 vil du ha 7 timar med Helse
  • Du vil og ha Norsk (6t), Historie (5t) og Kroppsøving (2t); men ikkje språkfag, geografi og religion.
  • Du skal ikkje ha fremmedspråk som spansk, tysk eller fransk.
  • I tillegg skal du ha to valgfrie programfag - hver på 5 timer.
  • Du må ikkje ha fordjuping innan to av programfaga slik som på ordinær studiespesialisering og du kan velja blant heile programfagutvalet til skulen; mellom anna engelsk, medie- og informasjonskunnskap, psykologi, rettslære, sosialkunnskap, matematikk, fysikk, kjemi og biologi.
  • Totalt antall timer per uke: 30

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søkje opptak til høgare utdanning i Norge. Dette gjer du gjennom samordna opptak. Her får du også informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studia.

Har du ikkje bestemt deg? Då kan du få gode tips på utdanning.no.