Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Fyllingsdalen videregående skole tilbyr:
- Vg1 er felles for alle som har valt studiespesialisering.
- På Vg2 og Vg3 tilbyr vi programområda Realfag og Språk, samfunnsfag og økonomi.
Kvifor velje studiespesialisering?
Dersom du likar å jobbe med teoretiske fag og vil ta høgare utdanning kan du velje studiespesialisering. Studiespesialisering opnar moglegheitene for deg, og gir deg ein forsmak på faga du kan velje på høgare nivå. Samtidig får du brei kunnskap du vil ha glede av og bruk for heile livet.
Dersom du veit kva utdanning du vil ta seinare bør du undersøke om du må ha spesielle fag for å kvalifisere deg til studiet.
Studiepesialisering på vilbli.no

Nettstudiet
Vi tilbyr Nettstudiet (studieførebuande, komprimert løp) til elevar som er for fysisk sjuke til å følgje vanleg opplæring på skolen. All undervisning er på nettet, men vi har sosiale fellessamlingar på skolen for dei som ønskjer.
Vi underviser i dei faga du treng for å oppnå generell studiekompetanse etter 23/5-regelen.