Hopp til hovedinnhold

Trond Botnen er ny rektor på Fyllingsdalen vgs

Bilde av Trond Botnen foran skolen

Trond har tatt over som rektor på skolen frå 1. januar av. Det er spesielt for oss at vi kan helse ein tidlegare elev på skolen velkomen som ny leiar.

Trond har skoleleiar-utdanning, og dei siste 19 åra har han jobba som leiar og del-eigar innanfor privat skoleverksemd. Blant anna har han vore leiar for Metis videregående skole, Bergen Private Gymnas og Akademiet videregående skole. Han har også 5-årig lærarutdanning og har og jobba 10 år som journalist.

Mange i Fyllingsdalen vil nok og hugse han som ein viktig spelar på Fyllingen Håndball. Nå tar han over ein skole som blant anna kan tilby toppidrett handball.

Han tar over for Karen Kristine Rasmussen, som gjekk over i ny stilling på Bergen Katedralskole i sommar.