Hopp til hovedinnhold

Russen vant fotballkampen mot lærarane

Bilde av elevar med trofe

Den tradisjonsrike fotballkampen mellom russen og lærarane gjekk av stabelen onsdag 11. mai. Til slutt var det russen som vant 6-2 og kunne løfte det legendariske trofeet.

Russen spilte gruppespel med 4 lag. Vinnarane spilte semifinale mot kvarandre, og vinnaren av semifinalen møtte dei tilsette i finalen.

Lagbilde lærarane

Det ble ein vellykka fotballdag i regnet. Super innsats frå alle tilsette som stilte opp på banen. Elevane synast det var veldig gøy, seier turneringsansvarleg Cidi Nzita.