Hopp til hovedinnhold

Politikkelevane på Stortinget

Foto av elevar på tilhøyrerbenken på Stortinget

Elevane på programfaget Politikk og menneskerettigheter besøkte 3. januar Stortinget for ei omvising og eit møte med stortingspolitikarar frå Hordaland.

Besøket i Stortinget starta med ei omvising, og elevane frå FYD fekk følge første del av Stortingets spørjetime. Der blei utriksministar Espen Barth Eide bedt om å svare på spørsmål om våpenstøtte til Ukraina av leder for utrikskomiteen Ine Marie Eriksen. 

Etterpå fekk dei møte representantar frå Hordaland valkrets. Det var Ove Trellevik frå Høyre som tok initiativ til møtet, og han og sju andre stortingspolitikarar måtte svare på spørsmål frå elevane om blant anna fråværsregelen.

Elevane prøvde seg også på læringsspelet «Demo», der dei de går inn i rollen som stortingsrepresentantar og lærer meir om Stortingets oppgåver og spilleregler. Dei ble delt i ulike parti og skulle deretter danne alliansar og komme med forslag til lover som så skulle bli vedtatt. – Elevane lærer om kordan dei sjølv kan delta i demokratiet, seier lærer Gro Bastiansen. 

Foto av elevar foran skjerm med spillet "Demo".