Hopp til hovedinnhold

Komme lengre med elevmedverking

Bilde av Elevrådsstyret på undergrunnsstasjon i Harburg

Elevrådsstyret har vært på studietur til Hamburg i uke 48. Dei besøkte Goethe Schule Harburg for å utveksle erfaringar og idear med elevrådsstyret på den tyske skolen. – Vi har komme mykje lengre med elevmedverking her på Fyllingsdalen, seier dei.

Vi snakket med Vasilija Peranic, Benedikte Norevik, Hanne Ringheim, Chatrin Lianes og Marko Bozic om turen. Dei fortel at dei budde hos familiane til det tyske elevrådsstyret. – Det var litt skremmande i starten, å bu hos fremmande og skulle snakke med dei på engelsk, seier Vasilija. – Men vi blei godt kjent kulturen og folka på den måten, seier Hanne.

Stivare skole 

Goethe Schule Harburg var heilt forskjellig frå norsk skole, det var mykje stivare, fortel Chatrin. Elevane tiltalte lærarane med «Herr» og «Frau». – Her på Fyllingsdalen er lærarane vennene våre som vil oss godt, seier Hanne. Der var lærarane mykje meir sjefen til elevane.  

Bilde av inngang til Goethe Schule Harburg

Arbeidde samen om elevmedverking

Turen er ein del av et Erasmus+-samarbeid. Dei to elevrådsstyrane skal lære av kvarandre og jobbe samen om problemstillingar knytet til elevdemokrati og elevmedverking. Det tyske elevrådsstyret besøker i Fyllingsdalen i mars. 

– Vi jobba i grupper med to norske og to tyske elevar, forklarer Benedikte. Til slutt hadde vi ein presentasjon for lærarane på skolen. Chatrin meiner vi har komme mykje lengre med elevmedverking her på Fyllingsdalen. – Vi kan faktisk endre ting på skolen. Tyskarane likte det dei høyrte om korleis vi har det, og gleder seg til å komme hit. 

Bilde av elevar som held presentasjon

Shopping og teambuilding.

Når vi spør om det blei litt tid til shopping og sånt begynner dei å le. – Vi kunne nesten ikkje få igjen koffertane når vi skulle heim, seier Benedikte. Dei hadde vært på julemarknad og på ein dagstur til Berlin for sightseeing også.

Sara Beqqali, Noor Boumiza og Esey Daynom var også med på turen. – Vi blei veldig godt kjent med kvarandre på turen, seier Vasilija, så sånn blei det veldig bra teambuilding også.

Elevkoordinator Heine Askeland og Miljøarbeidar Cidi Nzita reiste samen med elevane.

Bilde av elevar framfor Forbundsdagen