Hopp til hovedinnhold

«Free Mind» med Springbrett

Bilde av plakat for "Free Mind"

Cidi Nzita er miljøfagarbeidar på Fyllingsdalen vgs. Tidlegare i år fekk han Bergen Kommunes Ungdomspris for sitt arbeid med organisasjonen Springbrett for ungdom. No arrangerer Springbrett «Free Mind» - ein dag du kan ytre deg om det du brenner for.

«Free Mind» er for ungdommar mellom 13 og 19 frå Bergen og omland. Arrangementet skjer 7. mai i Strandgaten 90 (Fellesverket). Her kan du ytre deg om kva du vil gjennom ulike aktivitetar.

Konseptet er laga av Springbrett for ungdom sitt ungdomsråd og Røde Kors ungdom.

- Ungdomsrådet i Springbrett for ungdom skal være ungdommens talerøyr og stemme, fortel Cidi. - Ungdommane som er med i rådet skal fremje saker som ungdommar er opptatt av.

Springbrett er også ein av arrangørane bak sjølvforsvarskurset på Fyllingsdalen vgs. Sjå Springbretts heimeside for meir om kva dei driv med.

Cidi fekk Ungdomsprisen på ungdomsmønstringa UKM den 5. mars i år. Les meir om grunngjevinga på Bergen Kommunes heimeside.