Hopp til hovedinnhold

Lokaler

Vestland fylkeskommune tilbyr open skule og utlån til frivillig sektor ved dei vidaregåande skulane i Vestland.

Tilbodet gjeld aktivitet der barn og ungdom under 20 år utgjer fleirtalet av brukarane - og aktiviteten er retta mot desse.

Tilbodet gjeld på ettermiddag/kveld på skuledagar. 

Søknadsfrister:

  • For hausthalvåret: 1. juni
  • For vårhalvåret: 1. november

Krav som må oppfylles av de som skal låne (brukarane):

  • Brukarane må ha fått opplæring i brannvernsrutinar
  • Skulane kan stille krav om at brukarane møter på skulen i ordinær opningstid for å få opplæringa.
  • Brukarane skal signere på at dei har fått opplæring.
  • Fylkets eiendomsavdeling (EIU) er ansvarleg for at tilsynsvaktene får opplæring i naudsynt bygningstekniske system i dei aktuelle skulebygga
  • Opplæring i bygningsteksnisk utstyr skal utførast av fylkets eiendomsavdeling (EIU) innan normert arbeidstid
  • Brukarane er ansvarleg for eventuelle skadar som oppstår i brukstida deira.
  • Brukarane skal signere på at dei er kjent med dette ansvaret

Søknadsskjema