Vi har fleire som jobbar med å gi elevane rettleiing og råd. I tillegg til dei vanlege rådgjevarane våre, har vi og ein eigen mangfaldsrådgjevar, og miljøarbeidarar som jobbar med miljøet på skolen. Dei forskjellige rådgjevarane finner du i Elevsenteret i 1. etasje.
Rådgjevarane
Rådgjevarane arbeider med karriereveiledning og dei sosialpedagogiske oppgåvene ved skolen. Vi kan hjelpe deg med spørsmål om mellom anna:
- Vegen vidare etter vidaregåande skule, med yrkesorientering og vidareutdanning (karriereveiledning)
- Personlege og sosiale vanskar som virkar inn på skolearbeidet
- Val av utdanningsprogram og fag
Du kan oppsøke oss i kontortida , eller bestille tid for ein nærare samtale. Vi har teiesplikt.
Ingrid Beate Lægreid
Rådgjevar
Trude Sætveit
Rådgjevar, lærar Realfag
Heine Askeland
Rådgjevar og elev-koordinator, lærar Samfunnsfag
Miljøarbeidarar
På Fyllingsdalen vgs legg vi stor vekt på eit godt skolemiljø, og vi har to miljøarbeidarar som jobbar tett med elevane.
Cidi og Jonas snakkar med elevane i gangane, i kantina, på skoleplassen og der elevane møtes. Dei er tilgjengelige for alle skolens elevar. Dei tar tak i konfliktar der dei oppstår og får elevane i gang med positive aktivitetar.
Cidi Nzita
Miljøarbeidar
Jonas Haugsgjerd
Miljøfagarbeidar, lærer Kroppsøving og trenar Toppidrett handball
Mangfaldsrådgjevar
Mangfaldsrådgjevaren gjer råd og rettleiing i samband med til dømes negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting.
Elisa jobbar for at unge menneske skal ha moglegheit til å bestemme over egne liv. Ho har teieplikt, og kan gi deg råd og praktisk hjelp.
Elisa Finne Haugsgjerd
Mangfoldsrådgjevar

Elevtjenesten
Elevtjenesten ligger samlet i 1. etasje, i rom 110-115 og 102A-102B ved sida av skolebiblioteket. Her har vi samla skolehelseteneste, rådgjevarane våre, elevkoordinator og IKT-rådgjevar. Biblioteket kan og bli rekna til.
Skolen har egen helsesjukepleier og egen skolepsykolog.
Ventesona
Elevtjenesten har ei egen stille ventesone. Den er berre for elever som venter på tur hos rådgjevar eller helseteneste.