Informasjon til elevar ved dei vidaregåande skulane våren 2025 om retten til meiropplæring i fag.
Meiropplæring vil komma i tillegg til den ordinære timeplanen til eleven - på Fyllingsdalen vidaregåande skule blir dette mest sannsynleg på slutten av dagen i 9. og 10. time.
Kven gjeld retten for
Dei som har gjennomført, men ikkje bestått, opplæringa og har opplæringsrett etter oppll. § 5-1 har rett på meiropplæring som elev, jf. opplæringsforskrifta § 5-2.
For vaksne elevar teke inn til opplæring for vaksne (oppll. § 18-3) vil retten til meiropplæring gjelde i fag som er del av opplæringa dei får etter § 18-3.
Kva er retten?
Om du har stryk i fag (karakteren 1, eller IV til standpunkt), får 1 eller har fråvær på eksamen har du rett på meir opplæring fram mot ny standpunktkarakter. Dette gjeld berre dersom du har følg opplæringa fram til og med 1.mars. Du må ikkje ha slutta eller gått over fråværsgrensa pr. 1.mars.
Ta kontakt med skulen du er elev på dersom du stryk i fag, slik at du kan få råd om korleis du kan fullføre faget.
For mange elevar vil dei likevel vere nøydd til å ta ny eksamen, i staden for ny standpunkt, for at vitnemålet skal bli riktig. Dette skal skolen gi deg råd om.
Frist for å melde seg til meiropplæring
Fristen for å melde frå om at du vil har meiropplæring i fag frå neste skuleår er 1.juli. Oppfyller du krava til meiropplæring og har søkt innan fristen har rett på eit tilbod frå neste skuleår. Om du melder ønskje til ein skule om meiropplæring etter fristen (t.d. ved skulestart), vil du berre kunne få tilbod om opplæring dersom skulen har høve til organisere dette for deg.
Slik melder du frå om behov for meiropplæring
Du skal melde frå via eige skjema på fylkeskommunen sine nettsider:
https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/meir-opplaring2/
Ta kontakt med rådgjevar på skulen du er elev ved for råd om korleis du skal gjere dette.
Kva vil skulen ta opp med deg i ein samtale før du melder deg til meiropplæring.
Det vil oftast vere fleire ulike måtar å bestå eit fag på, i tillegg til det å få meiropplæring mot ny standpunkt. Andre vil velje å ta faget på nytt ved ein privatisteksamen. Nokre elevar vil ha rett til ny eller utsett eksamen (NUS). Om du har rett på NUS-eksamen kan du samstundes få meiropplæring i fag. Dersom du stryk på NUS-eksamen vil du framleis kunne bestå meiropplæringa.
Kva skjer etter at du har gitt melding?
Når du har meldt frå om at du ønskjer meiropplæring i eit fag, vil skulen sjekke om du rett til meiropplæring. Du får då eit brev med svar på om du har rett eller ikkje. Dei som har rett til meiropplæring får eit brev der det står at dei vert kontakta av fylkeskommunen (oftast skulen) i løpet av august for å bestemme korleis meiropplæringa vert organisert for deg.
Meiropplæring kan bli gitt på ulike måtar, og fylkeskommunen bestemmer kva tilbod som vert gjeve. Har du meld frå innan fristen 1.juli har du rett på eit tilbod om meiropplæring.
Kva skjer i august?
Dersom du melde frå innan 1.juli vil skulen du gjekk på når du fekk karakteren 1 eller IV i faget ta kontakt med deg i løpet av august for å finne ut korleis fylkeskommunen kan gi deg eit tilbod om meiropplæring.
Ulike måtar å organisere meiropplæringa på.
Skuleåret 2025-2026 er første året ein tilbyr meiropplæring i fag. Fylkeskommunen vil prøve å organisere meiropplæring slik elevar som er under ordinær opplæring på ein skule og vil kunne få meiropplæring ved same skule.
For elevar under opplæring på VG2 eller VG3:
- Dersom dei praktiske tilhøve ved skulen og behovet for komprimert meiropplæring hjå den einskilde eleven tilseier det, kan fylkeskommunen tilby meiropplæring innanfor elevane sin skuledag både i fellesfag og programfag. Dette kan m.a. gjerast ved å bruke fritimar eller eventuelt å omdisponere timar frå andre fag, etter gjeldande reglar.
- Om det passar for både elev og skulen kan ein tilby opplæring på kveldstid eller i helger.
- Om dette ikkje er mogleg vil ein tilby å følgje opplæringa i ordinære grupper
For elevar som er ferdig med ordinære løp i skole (ferdig med VG2/VG3 yrkesfag eller VG3 studieførebuande fag.
- Tilby meiropplæring nettbasert i fellesfaga + nokre utvalde programfag på studieførebuande.
- Tilby å følgje ordinær opplæring i fellesfag og programfag ved ein skule
- Tilby å følgje komprimert meiropplæring ved ein skule dersom dette vert sett i gong.
Nettskulen vil kunngjere sine tilbod etterkvart som dei er klare. Dersom nettbasert opplæring ikkje passer for deg, vil du få eit tilbod om opplæring på ein skule.